Prisar og andre oppdragsvilkår |
| Når vi tar på oss eit oppdrag for ein ny kunde vil vi stadfeste dette, med nærare skildring av dei konkrete vilkåra for oppdraget, blant anna prisen. Det følgjande er våre standard oppdragsvilkår. I den grad det gjeld særvilkår for det enkelte oppdraget, vil dette gå fram av den konkrete oppdragsstadfestinga. |
| |
ÅLMENNE OPPDRAGSVILKÅR FOR OPPDRAG UTFØRTE AV ADVOKATFIRMA HANDELAND DØSSLAND & CO AS |
| |
Følgjande vilkår, reglar og rutinar gjeld for vårt arbeid med oppdrag for klientar, og vert rekna som ein del av oppdragsavtalen, så langt anna ikkje er konkret avtala eller stadfesta. |
| |
INNLEIING |
| |
Advokatfirma Handeland Døssland & Co AS arbeider for å ta best mogleg vare på klientens interesser. Oppdraga vil bli utført i samsvar med våre rutinar for kvalitet og etikk, og elles i samsvar med Advokatforskrifta og Reglar for god advokatskikk. |
| |
Advokatfirma Handeland Døssland & Co AS sine sakshandsamingsrutinar vil gjelde for oppdraga våre. Vi skal i det følgjande gjere greie for dei sentrale elementa i desse rutinane. |
| |
ETABLERING AV OPPDRAG |
| |
Før eit oppdrag vert etablert vil vi avklare om det ligg føre interessekonflikt eller andre tilhøve som gjer at firmaet ikkje kan eller bør ta på seg oppdraget. Det same vert gjort i allereie etablert oppdrag dersom det kjem nye motpartar inn i saka. |
| |
Dersom omsynet til klienten tilseier det, og vi heller ikkje finn det problematisk, kan vi starte opp arbeid før avklaringa er avslutta. Vi tar i så tilfelle atterhald overfor klienten om at avklaring av eventuell interessekonflikt ikkje er endeleg gjort, og at eventuell interessekonflikt kan føre til at vi må seie frå oss oppdraget. |
| |
I samband med at advokatverksemder er underlagde lov om kvitvasking, vil det i samband med etablering av oppdrag kunne bli gjort identifikasjonskontroll som følgjer av lova. |
| |
Før arbeid med eit nytt oppdrag vert sett i verk, vil vi normalt be om innbetaling av forskott. Forskottet vil bli avrekna mot seinare fakturering. |
| |
FIRMAETS RESSURSAR |
| |
I firmaet arbeider det følgjande kategoriar medarbeidarar som utfører arbeid for klientar: |
| |
- Partnarar
- Tilsette advokatar
- Tilsette advokatfullmektigar
- Sekretærar
|
| |
GJENNOMFØRING AV OPPDRAGET |
| |
For alle oppdrag skal det vere ein saksansvarleg advokat. Alt arbeid vert utført under ansvaret til saksansvarleg advokat. Den saksansvarlege advokaten vil syte for at arbeidet vert utført på ein god måte for klienten, og i samband med dette vurdere om oppdraget eller delar av dette mest tenleg bør utførast av tilsett advokat, advokatfullmektig eller sekretær. |
| |
Dersom klienten har spesielle ønskje om kva advokat som skal utføre oppdraget, vil dette normalt bli lagt til grunn. Ut over dette er det vårt mål at arbeidet skal utførast på best mogleg måte for klienten. |
| |
Der arbeid vert utført av heilt fersk advokatfullmektig – der arbeidet også er ledd i opplæring – vil vi vurdere kor mykje av arbeidet som har direkte verdi for klienten, og såleis kan belastast denne. |
| |
Dersom oppdraget vert utvida på eit seinare tidspunkt, i høve til det som opphavleg er avtala, vil vi sende skriftleg stadfesting på dette. |
| |
VEGLEIANDE TIMEPRISAR FOR FIRMAETS TILSETTE |
| |
For oppdrag som skal fakturerast etter medgått tid, har firmaet følgjande vegleiande timeprisar – sett bort frå saker som vert omfatta av fri rettshjelp - for dei ulike stillingskategoriane: |
| |
For meirverdiavgiftspliktige klientar: |
| |
Partnar kr. 1 900 + mva (2 375 inkl mva) Tilsett advokat kr. 1 600 + mva (2 000 inkl mva) Advokatfullmektig kr. 1 400 + mva (kr. 1 750 inkl mva) |
| |
|
| |
For ikkje-meirverdiavgiftspliktige klientar: |
| |
Partnar kr. 2 000 (1 600 + mva) Tilsett advokat kr. 1 750 (1 400 + mva) Advokatfullmektig kr. 1 600 (1 280 + mva) Den konkrete timesatsen i det enkelte oppdraget vert stadfesta i eige brev til klient ved starten av oppdraget. Den konkrete timesatsen vert fastsett blant anna under omsyn til arten og kompleksiteten i oppdraget, advokatens erfaringsbakgrunn og klientens økonomiske situasjon. Minste timeeining er 0,25 timar eller 15 minutt. Timeprisane omfattar alle normale kontortenester, blant anna ordinært sekretærarbeid, vanleg kopiering og liknande. Som tillegg til ovannemnde prisar kjem reiseutlegg og andre utlegg som vert gjort i saka, gebyr til det offentlege, større kopieringsarbeid og sakshandsamingsarbeid frå sekretær. Sjølvstendig sakshandsaming frå sekretær vert normalt fakturert med halvparten av den satsen som er avtalt for advokatarbeidet. |
| |
Prisane kan endrast med 1 månads varsel. |
| |
FAKTURERING OG BETALING |
| |
Dersom ikkje anna er avtala vil oppdraget bli fakturert etter medgått tid. Saka vil som utgangspunkt bli gjort til gjenstand for regelmessig fakturering, basert på tidsintervall eller når opparbeidd salær er av ein slik storleik at det etter advokatens skjøn er rimeleg å delfakturere. |
| |
Alle fakturaer er netto per 14 dagar. Ved forsinka betaling vert klienten belasta morarente etter reglane i Morarentelova. |
| |
Utlegg som klienten er ansvarleg for skal avklarast med klienten før det vert pådrege, med mindre kostnaden er nemnd i oppdragsbrevet eller er nødvendig for å sikre klientens interesser, og klientens samtykke ikkje kan hentast inn på førehand. Utlegg til kopiering, innhenting av legejournalar og andre avskrifter, utskrift frå diverse register som er nødvendige for å opplyse saka, samt utgifter til retts- og tinglysingsgebyr vert føresett akseptert av klienten ved oppdrag som medfører behov for slike utlegg. |
| |
Det vert understreka at vidarefakturering av utlegg normalt vil medføre meirverdiavgift på utlegget. |
| |
FRI RETTSHJELP |
| |
Etter Rettshjelpslova kan det for visse saker ligge føre rett til advokatbistand der staten dekker kostnadane (innan visse rammer og som oftast med ein viss eigenbetaling). Føresetnaden er at ein ligg under inntekts- og formuesgrensene som per i dag er kr. 246000 (einslege) og kr. 369 000 (ektefeller/samlevarar) for inntekt og kr. 100 000 for formue. Fylkesmannen/domstolane kan i visse høve gjere unntak frå desse grensene. Nærare informasjon kan De få hjå fylkesmannen, ved vårt kontor eller på Internett. Dersom fri rettshjelp kan vere aktuelt, bør dette takast opp for avklaring med oss snarast. |
| |
RETTSHJELPSDEKKING GJENNOM FORSIKRING |
| |
For fleire typar tvistar vil det kunne ligge til rette for delvis dekking av advokatutgifter gjennom forsikringsordning, til dømes villa- og innbuforsikring. Vi ber om at De snarast sender oss forsikringsvilkår i alle forsikringar De har, slik at det kan undersøkast om det i det konkrete tilfellet ligg til rette for å søke dekking gjennom slik forsikringsordning. |
| |
Vi gjer merksam på at det også i tilfelle som er dekka gjennom forsikring vil vere klienten som er ansvarleg for advokatens salær og utlegg, og at forsikringsordningane representerer refusjonsordningar mellom selskap og den som er forsikra. I praksis vil likevel som regel forsikringsselskapet kunne dekke sin del av advokatutgiftene direkte til advokaten. Fleire forsikringsselskap har som rutine ikkje å betale ut rettshjelsdekking meir enn 2 gonger i året. Det må derfor påreknast at klienten til tider må betale salær direkte, og at refusjon for forsikringsselskapets del skjer på halvårig basis. |
| |
KLIENTENS EIGE TILHØVE |
| |
Til betre saka er avklara, opplyst og førebudd frå klientens side, til meir effektivt vil vi kunne arbeide. Dette vil verke inn på storleiken på salæret. |
| |
Vi føreset at klienten gir oss alle opplysningar som er relevante i saka, og alle dokument som klienten trur kan ha interesse. Vi gjer merksam på at partar i sivile tvistar for domstolane er forplikta til å presentere alle bevis som er relevante for domstolens avgjerd, og dette gjeld både bevis som talar for og mot klientens sak. Både for at vi skal kunne gjere ei vurdering for klienten som byggjer på dei relevante fakta i saka, og for at vi skal kunne føre ein prosess for domstolane basert på alle relevante fakta, kan det vere avgjerande at klienten gir all relevant informasjon som klienten har til rådvelde. Vi føreset vidare at klienten gjer oss merksam på andre bevis som klienten ikkje har rådvelde over, men som klienten meiner kan skaffast hjå andre. |
| |
All kontakt med motparten skal gå gjennom oss, om ikkje anna konkret vert avtala. Klienten må straks melde frå til oss om eventuell direkte kontakt frå motpartens side eller frå motpartens advokat. De vil få tilsendt kopi av alt brevbyte til og frå vårt kontor, og De vil også få tilsendt utkast til godkjenning/gjennomgang i dei tilfella der det er behov for dette. |
| |
Der det er praktisk vil vi i størst mogleg grad gjere bruk av elektronisk post, så langt dette er akseptabelt for klienten. Ved bruk av e-post er det ein risiko for at uvedkommande kan få innsyn i den informasjonen som vert sendt, eller informasjonen kjem på avvege. I personsensitive saker vil den elektroniske sendinga om mogleg vere verna av passord. |
| |
Dersom De ikkje ønskjer at det skal nyttast e-post, ber vi Dykk melde frå om det. |
| |
ANSVAR FOR SAKSUTFALL – SAKSKOSTNADAR OG RETTSGEBYR |
| |
Sjølv om vi har gitt uttrykk for vår vurdering av kva eit saksutfall kan bli, inneber ikkje det noko rettsleg ansvar for at dette resultatet vert oppnådd. |
| |
Dersom ei rettssak vert tapt, er det svært stor risiko for at klienten vert pålagt å dekke motpartens sakskostnadar og å dekke rettens gebyr. Dette er klientens eige ansvar. |
| |
Dersom ei rettsavgjerd endar med at klienten vert tilkjent sakskostnadar, men beløpet er lågare enn det salæret vi krev av klienten, vil klienten vere ansvarleg overfor oss for det overskytande. Klienten har elles fullt betalingsansvar overfor oss uavhengig av tilkjente sakskostnadar, og betaling av vårt salær er såleis ikkje avhengig av at motparten faktisk er i stand til å betale idømte sakskostnadar. |
| |
Vi gjer særskilt merksam på Tvistelova sine reglar om forliksrådshandsaming og småkravsprosess, der det vert sett grenser for kva sakskostnadar som kan idømmast i forliksrådet og i saker som gjeld krav som ikkje overstig kr. 125 000. Dersom ikkje anna vert skriftleg avtale mellom partane, inneber oppdragsavtalen med klient at klienten likevel er ansvarleg overfor oss for fullt salær. |
| |
TEIEPLIKT/PERSONOPPLYSNINGSLOVA |
| |
Advokatar har teieplikt og skal handsame dei opplysningane dei får i saka fortruleg. Eventuelle unntak er regulert i lov, til dømes Kvitvaskingslova. Alle medarbeidarane i vårt firma har autorisert tilgang til opplysningane, og har skrive under på teiepliktserklæring. |
| |
Mange av opplysningane vil vere personopplysningar. Desse vil verte handsama i tråd med reglane i Personopplysningslova. |
| |
KLAGE |
| |
Det er høve til å få vurdert om oppdraget er utført i tråd med Reglar for god advokatskikk. Det er også høve til å klage på salæret, dersom klienten er misnøgd med storleiken på dette. Kvaliteten på arbeidet kan som utgangspunkt ikkje vurderast av disiplinærorgana. Det er som hovudregel ein frist på 6 månadar for å klage frå det tidspunktet klienten vart eller burde vorte kjent med grunnlaget for klagen. Klage vert handsama av disiplinærutvalet for Hordaland og Sogn og Fjordane som første instans. Avgjerd derfrå kan ankast inn for Disiplinærnemnda. |
| |
Nærare opplysningar om klageordninga finn ein på Advokatforeininga si heimeside www.advokatforeningen.no under ”Disiplinærsystemet”. |
| |
ANSVARSFORSIKRING |
| |
For advokatverksemd er det krav til trygdgjeving og ansvarsforsikring til dekking av erstatningsansvar som vert pådrege under utøving av advokatverksemda. |
| |
REVISJON AV OPPDRAGSVILKÅRA |
| |
Dei ålmenne oppdragsvilkåra våre vert reviderte ein gong per år, og elles når det måtte oppstå trong for det. |
| |
|
| |
Husnes/Stord 1. februar 2011 |
| |
|
| |
|
| |
|
| |
|
| |
|
| |
| |
|
|
|